skinke

skinkeforett

I varmdisken finn du tradisjonsmat, foredla lokalt, av råvarer frå Skjåk.
Til vårt eige pølsemakeri kjøper vi inn heile slakt frå lokale gardbrukarar og tilvirkar alle kjøtrettane.
På den måten tek vi vare på dei lokale mattradisjonane og vi får nytta heile dyret.
Av beina koker vi kraft, som vi brukar til brun saus.
På Sygard Forberg dyrkar dei mandelpoteter, og frå dei får vi skrelte poteter.
Vi kjøper også lokale grønsaker så lenge det er tilgang på det.
Til og med eggeprodusent har vi her i bygda
 
Frå varmdisken forsyner du deg sjølv, og du må gjerne ta påfyll.