Dersom du vel å gå, er dei fleste stiane skilta frå bilveg og heilt fram. Desse turane kan du trygt bruke sjølv om du ikkje er kjend i området. 

For kortare turar kan vi anbefale ein lokal turguide som heiter "Stigfinnaren", som omtalar 35 ulike turar med start frå bilveg. Dei fleste av desse er merka av Skjåk Kommune.

Dersom du vil gå ein lenger tur, er det fleire av DNT sine ruter som startar eller går gjennom Skjåk. Av dagsturar er dei vanlegaste topptur til Galdhøpiggen (guida turar to ganger om dagen) eller å gå Besseggen. 

Dersom du ynskjer å gå på eiga hand, utanom dei mest trafikkerte stiane er det mange ulike toppar eller rolege seterdalar å velge mellom. Spør oss gjerne om forslag.