Kortturar med bil 
Køyrer du 5 km. vestover frå Skåk Turistheim på solsida, er vegen skilta oppover til Aursjøen. Her kan du køyre opp til 1000 m.o.h. ogl få ei fin utsikt over heile kommuna. 
Aursjøen er og eit fint utgangspunkt for fotturar. Her er blant anna ein merka kulturstig med plansjar som tek for seg historia med vatning gjennom tidene 

Andre turar som kan anbefalast er Sota - Mysubytta og Lundadalen (bomvegar). 

Dagsturar med bil 
Med Skjåk Turistheim som base, kan du nå nokre av dei mest kjende fjordane og fjella i Norge på ein dag. 
Ein av dei mest brukte rundturane er å køyre til Geiranger. Her tek du ferga utover Geirangerfjorden til Hellesylt, og held fram til Stryn. Her kan du anten ta rv 15 gjennom tunnelane, eller du køyrer gamle Strynefjellsvegen attende til Skjåk Turistheim. 

Ei anna rute frå Geiranger er Ørnefjellsvegen over til Eidsdal, ferje ca.10 min over til Linge og Trollstigen over til Åndalsnes. Oppover Romsdalen til Lesja og den maleriske Slådalsvegen over til Våga og vidare oppover Ottadalen tilbake til Skjåk Turistheim. 

Dersom du køyrer til Lom og tek av oppover Bøverdalen, kjem du til Sognefjellet. Også her kan du ta ein rundtur, ved å fortsette ned til Sognefjorden, vidare til Stryn og tilbake hit. Passande dagstur er også Stryn – Briksdalsbreen og tilbake. Her kan du køyre gamle Strynefjellsvegen den eine vegen, og legge tilbaketuren gjennom tunnelane, og kanskje ta ein avstikker mot Geiranger og opp på Dalsnibba for å få med utsikten der.